Lukk søk

Langøya diskutert i Stortingets spørretime

I stortingets spørretime 26. februar stilte Svein Roald Hansen fra AP spørsmål om regjeringens planer for deponiet på Langøya. Klima og miljøminister Sveinung Rotevatn ga ingen nye svar. Som kjent er Miljødirektoratet tildelt ett oppfølgingsoppdrag med frist 1. april og Avfall Norge tror ikke det kan ventes ny, offisiell informasjon før den tid. Dialogen i spørretimen er gjengitt i sin helhet under.

Av: Cecile Lind | Publisert: 28. februar 2020 | Fagområde: Deponi, Farlig avfall

Svein Roald Hansen (A) : Deponiet for farlig avfall på Langøya forventes å være fylt opp i løpet av 2024. For næringslivet og kommunale forbrenningsanlegg, som er avhengige av å kunne levere farlig avfall, skaper manglende avklaring stor usikkerhet. Høringsfristen for ekspertutvalgets rapport er ute.

Vil regjeringen ta ansvar for å finne et alternativt deponi, eller vil det overlates til markedet?»

Statsråd Sveinung Rotevatn: Det stemmer at dagens deponi for farleg avfall på Langøya blir vurdert å kunne vere fullt i 2024, og at det er behov for ei løysing.

Det har over lengre tid vore ein prosess i Klima- og miljødepartementet for å vurdere kva rolle staten skal ta for å sikre ny behandlingskapasitet for farleg avfall. Våren 2019 blei det sett ned eit ekspertutval om farleg avfall som skulle vurdere både korleis mengdene farleg avfall kunne reduserast, og korleis framtidig behandlingskapasitet for farleg avfall kunne sikrast. Dei la fram tilrådinga si i november i fjor. Rapporten blei send på høyring, og som representanten Hansen heilt riktig seier, er høyringsfristen ute – han gjekk ut den 15. januar.

Klima- og miljødepartementet vurderer no den vidare oppfølginga. Som ein del av det er det blitt gitt eit oppdrag til Miljødirektoratet om å gjere ulike vurderingar av rapporten og tilrådingane frå utvalet. Arbeidet der har frist den 1. april. Tidlegare klima- og miljøminister Ola Elvestuen og tidlegare næringsminister Torbjørn Røe Isaksen har også hatt dialog med sentrale industriaktørar om moglege løysingar. Den dialogen kjem eg til å følgje opp vidare.

Regjeringa har ikkje konkludert med vidare prosess for korleis ein sikrar framtidig behandlingskapasitet for farleg avfall, og eg kan heller ikkje seie noko meir no om når ei avgjerd vil bli tatt. Det eg kan seie, er at saka har høg prioritet.

Svein Roald Hansen (A) : Jeg hadde håpet at den hyggelige stemningen fra forrige spørsmålsrunde kunne tas med inn i denne, men foreløpig synes jeg svaret er litt for defensivt til det. Som statsråden har sett av høringsuttalelsene, er det ikke lenge til 2024. For aktørene er dette meget kort tid, og Avfall Norge skriver bl.a. i sitt høringssvar til ekspertutvalget at det vil kunne påvirke avfallsinnsamlingen fra nær sagt alle husholdninger og bedrifter i hele landet i løpet av kort tid hvis man ikke har på plass et alternativ til Langøya. Det må på plass i god tid før Langøya er fullt, for aktørene er avhengige av å vite hvor de skal levere avfallet. Jeg må si det er bekymringsfullt hvis regjeringen ikke ennå har bestemt seg for om de skal ta et ansvar for å finne alternativet eller overlate det til markedet.

Statsråd Sveinung Rotevatn : Det er for så vidt rett at det er kort tid til 2024, og det er difor – som eg sa i svaret mitt – denne saka har så høg prioritet i mitt departement, og vi jobbar grundig med korleis ho skal følgjast opp. Miljødirektoratet har altså fått eit oppdrag som vi no snart får svar på.

Så skjønar eg at det er mange som er utolmodige etter å få ei endeleg avklaring, både når det gjeld om staten skal ta ei rolle, og i så fall kva rolle det skal vere. Ekspertutvalet har gitt oss eit veldig godt grunnlag for den vidare prosessen, både gjennom ulike løysingar for å redusere mengda farleg avfall, som eg oppfattar at alle er einige om at bør vere eit mål, og ved å peike på ulike lokalitetar som kan vere verde å nytte om ein skal utvide kapasiteten og vidareføre han etter 2024.

Vi jobbar som sagt med dette no med høg prioritet, men eg kan dessverre ikkje i dag gi representanten Hansen eit endeleg svar på kva løysinga blir. Det kjem når det kjem.

Svein Roald Hansen (A) : Jeg takker for prosessvaret.

Kan statsråden gi noen antydninger om hvorvidt han, hvis dialogen med industrielle aktører – som han sa var i gang – ikke peker mot en løsning innen forsvarlig tid, vil ta ansvar for å finne en løsning? Vi vet alle at deponering av farlig avfall utløser lite begeistring og mye motstand, og her kan det hende at man må ha en regjering som tar det ansvaret, og det kan hende at man ikke får en løsning som en lokalt jubler for. Men vi må ha et deponi for farlig avfall. Jeg vil minne om at det også foregår en dekommisjonering av anlegget i Halden, som også krever en avfallsplass. Så her tror jeg regjeringen må forberede seg på å ta ansvaret for å finne en løsning.

Statsråd Sveinung Rotevatn : I dag er det slik at vi har eit deponi for farleg avfall, og det er drifta av private aktørar. Når det gjeld om staten skal ta ei rolle og gå inn på å bruke statleg plan, slik det har vore forslag om i Porsgrunn, eller gå andre plassar, er det ein del av denne prosessen med ulike ting ein vurderer.

Men det finst mange ulike vegar til målet her, trur eg. Ekspertutvalet har peika på ein del ulike vegar ein kan tenkje seg, både kva gjeld reduksjon av avfallsmengder og ulike lokalitetar, og dei har òg peika på mellomløysingar dersom det skulle vere behov for det.

Så det eg kan seie, er at alt dette blir vurdert, og det som har vore viktig både for forgjengaren min og for meg, er at vi skal få alle fakta på bordet, og alt skal vere vurdert nøye – ikkje minst fordi det er mykje sterke syn i denne saka, og då trur eg det er viktig for legitimiteten til ei eventuell avgjerd til slutt at alle kort er snudde. Det er det vi jobbar med no, og eg er sikker på at vi skal gi svar i god nok tid til at alle kjem til å slå seg til ro med det.