Sirkulær strategien -en oversikt over hva regjeringen vil

Vi har hurtiglest og klippet ut de viktigste punktene som berører bransjen. Fredag kl 9 går vi vi dybden på morgenkaffe hos Avfall Norge.

Av: Avfall Norge | Publisert: 16. juni 2021
Med den nasjonale strategien for sirkulær økonomi legg regjeringa grunnlaget for at vi styrkjer rolla avfallssektoren har som den som tek i vare materialressursar, og er leverandør av sekundære råmateriale til sirkulære krinsløp
"Nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi"

Visjon

Eit samfunn der ressursar blir brukte og brukte om att på effektivt vis i giftfrie krinsløp der dei erstattar uttak av, og produksjon med, nye ressursar.

Overgripande mål

  • Å omstille til meir sirkulær økonomi skal bidra til å nå vedtekne klima- og
    miljømål og FNs berekraftsmål og samtidig bidra til verdiskaping, langsiktig
    konkurranseevne og sosial rettferd i omstillinga.
  • Omstillinga skal bidra til å redusere tap av naturressursar og hindre at
    naturressursgrunnlaget blir ringare, og doble bruken av sekundære råmateriale
    i løpet av dei neste ti åra.

REGJERINGA VIL

  • arbeide for at regelverket til EU for økodesign blir utvida til fleire type produkt
  • arbeide for at produkt blir designa med formål om energieffektivitet,
    haldbarheit og moglegheit for reparasjon, oppgradering, ombruk og
    attvinning av produkta
  • arbeide for at det blir stilt krav til berekraft i heile verdikjedene til produkt
  • gradvis innføre verkemiddel som skal sikre 65 prosent førebuing til ombruk og
    materialattvinning av avfall
    i 2035 frå hushald og tilsvarande avfall frå næringslivet
  • allereie no innføre krav til kjeldesortering av matavfall og utsortering av plastavfall
    frå hushald og næringsliv
  • vurdere ytterlegare verkemiddel for å auke materialattvinninga av avfall frå bygg og anleggssektoren, mellom anna gips
  • vurdere verkemiddel for effektiv handtering av overskottsmassar som ikkje er
    forureina, basert på rapporten frå den tverrsektorielle direktoratsgruppa
  • bidra i EUs arbeid med revisjon av grensekryssforordninga med mål om at
    regelverket og handhevinga av det bør bli enklare og meir effektive
  • arbeide for at EUs avfallsregelverk byggjer opp under digitalisering og
    teknologiutvikling
    , mellom anna at regelverket ikkje ekskluderer teknologiar som
    gir gode resultat
  • styrkje arbeidet mot ulovleg eksport av EE-avfall i tråd med stortingsmeldinga
    om miljøkriminalitet frå regjeringa
  • prioritere arbeid for å styrkje kontroll med grensekryssande transport av
    avfall
    under Baselkonvensjonen og andre relevante internasjonale forum
  • auke materialattvinninga av emballasje stegvis til at 65 prosent av all
    emballasje skal vinnast att som materiale i 2025
    , og dette skal aukast
    ytterlegare til 70 prosent i 2035
  • styrkje og målrette produsentansvaret for emballasje
  • i revidering av emballasjedirektivet arbeide for EØS-krav som fremjar design
    for sirkulær økonomi og minimerer forsøpling, særleg for plastemballasje
  • arbeide for tiltak på EU-nivå som styrkjer marknaden for sekundære råvarer,
    særleg for plastemballasje
  • arbeide for eit regelverk som gir insentiv for utvikling av teknologiar og
    sorteringsløysingar
  • innføre separat innsamling av tekstilar
  • støtte opp om EUs arbeid med ein tekstilstrategi, med merksemda retta mot
    tekstilar utan helse- og miljøskadelege stoff, tiltak mot mikroplast, nye krav
    til innsamlingsløysingar som tek omsyn til nye teknologiske løysingar
    , og
    samarbeid mellom aktørar i verdikjeda
  • arbeide for at det blir stilt krav til berekraft og design for sirkulær økonomi i
    verdikjeder for produkt der plast
    inngår
  • utvikle vidare det samla statistikk- og analysegrunnlaget for materialattvinning
    av plast
    i lys av endringane i rammevilkåra for plastavfall i Europa
  • arbeide for at FNs miljøforsamling i 2022 fattar vedtak om forhandlingsmandat for ein internasjonal rettsleg bindande avtale mot plastforureining
  • følgje arbeidet med revideringa av EUs byggjevareforordning med auka
    tilrettelegging for ombruk og materialattvinning av byggjevarer
    i fokus
  • styrkje kunnskaps- og formidlingsarbeidet om førebygging av matsvinn,
    særleg overfor forbrukarane
  • styrkje Miljømerking Norge og Svanemerket som verktøy for sirkulær
    økonomi
  • utarbeide ein handlingsplan for å auke delen klima- og miljøvennlege offentlege innkjøp og grøn innovasjon
  • støtte opp om offentleg-privat samarbeid om anskaffingar av innovative
    løysingar
    som er tilpassa sirkulær økonomi
    stimulere til utvikling av og til å ta i bruk ny teknologi for å sortere og reinse avfall og materiale for å oppnå giftfrie sirkulære krinsløp
  • stimulere til auka førebygging og materialattvinning av farleg avfall
  • arbeide for at nytt EU-regelverk for batteri skal fremje sirkulær produksjon
    av batteri i Europa med høg miljøstandard og grad av materialattvinning, lågt
    klimafotavtrykk og utfasing av helse- og miljøfarlege kjemikaliar
  • vurdere om produsentansvaret og retursystemet for batteri kan
    vidareutviklast for å auke verdiskapingspotensialet
    for denne næringa
  • støtte prosjekt for å kartleggje og dokumentere biobaserte restråstoff,
    plast, utrangert utstyr m.m. og ulike løysingar for ein digital marknadsplass
    i bionæringane
  • greie ut verkemiddel for å auke attvinninga av fosfor, irekna eit
    omsetjingskrav for attvunne fosfor
    med sikte på redusert forureining
  • fastsetje grenseverdiar for organiske miljøgifter og vurdere behov for
    grenseverdiar for andre uønskte stoff med tanke på gjenteken bruk av
    gjødselvarer og bevaring av matjord i eit langsiktig perspektiv
  • leggje til rette for auka omsetjing og bruk av biologisk restråstoff til torvfrie
    jordprodukt og dyrkingsmedium
  • anerkjenne næringsklyngjer og tverrsektorielle samarbeid mellom industriar
    som eit godt verkemiddel for auka sirkularitet og betre utnytting av avfall og
    som samtidig tek i vare høge miljøstandardar
  • støtte opp om utvikling av auka kunnskap i industrien om materialstraumar
  • og utvikling av marknader for sekundære råvarer
  • medverke til at det blir enklare å bruke byggjevarer om att, mellom
    anna ved å utarbeide meir rettleiing og vurdere endringar i forskrift om
    dokumentasjon av byggjevarer
  • vurdere å auke kravet til å sortere ut byggavfall
  • vurdere verkemiddel for auka attvinning av gips
  • sikre at miljøgifter og andre farlege stoff i byggavfall og byggjemateriale blir tekne ut av krinsløpet
  • vurdere verkemiddel for effektiv handtering av ikkje-forureina overskottsmassar
  • redusere mengda byggavfall frå statlege byggjeprosjekt og stille krav til sortering av næringsavfall frå byggjeplassane
  • gå føre for ombruk av byggjemateriale
  • i samarbeid med KS sikre eit sterkare kunnskapsgrunnlag og utarbeide ei
    rettleiing for fylkeskommunar og kommunar
    i arbeidet deira med sirkulær
    økonomi
  • som del av ein større gjennomgang av skatte- og avgiftssystemet sjå på
    korleis riktigare miljøprising og andre økonomiske verkemiddel kan bidra til
    betre ressursutnytting, auke sirkulære produksjons- og forbruksmønster og
    stimulere til verdiskaping og sysselsetjing basert på sirkulære løysingar
  • vurdere korleis økonomiske og andre relevante verkemiddel kan bidra
    til god ressursutnytting og sirkulære løysingar
    i norske produksjons- og
    forbruksmønster der det er relevant, til dømes i samband med arbeidet med
    statsbudsjettet og i arbeidet med implementeringa av nye regulatoriske krav
    frå EU