Lukk søk

Driftsoperatørar

Hallingdal Renovasjon IKS har ansvar for innsamling av avfall frå hushaldningar og fritidsbustader i Hallingdal og Krødsherad. Grunna stor auke i besøket på dei lokale avfallsmottaka aukar vi bemanninga med to årsverk og tilset fleire driftsoperatørar.

Stillingstittel: Driftsoperatørar
Arbeidsgiver: Hallingdal Renovasjon IKS
Arbeidssted: Hallingdal og Krødsherad.
Søknadsfrist: 15. oktober
Varighet: Fast
Stillingsbrøk: 50-100
Kontaktinfo
Helge Svarstad
Telefon: 91775263

Vi søker deg som kan arbeide sjølvstendig og systematisk, har god ordenssans og som har evna til å møte besøkande på ein god måte.

Tilsetting i 50-100% fast stilling. Arbeidstid hovudsakleg i samsvar med avfallsmottaka sine opningstider på dagtid, kveld og laurdagar. Dei som vert tilsett vil inngå i ein turnus som innebærer arbeid på ulike avfallsmottak.

Arbeidsoppgåvene er i hovudsak rettleiing av besøkande, sortering og pakking av avfall, utarbeiding av fakturagrunnlag for næringskundar og andre driftsoppgåver.

Søkar må beherske norsk skriftleg og muntleg og ha eit minimum av dataferdigheiter. Førarkort minimum klasse B og disponere bil. Truckførarkompetanse er ein fordel.

Arbeidsmiljøet vårt er mannsdominert og vi oppmodar kvinner om å søke arbeid hos oss. Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Tiltredelse etter avtale.

Gode løns- og pensjonsbetingelsar. Timeløn frå kr. 210,- til 247,- avhengig av personleg ansiennitet, inkl. smusstillegg. Hallingdal Renovasjon er IA bedrift og medlem av HAVA bedriftshelseteneste.

Søknad med CV og attestar skal sendast til Hallingdal Renovasjon IKS, Kleivi næringspark 31, 3570 Ål alternativt til firmapost@hallingdalrenovasjon.no. Merk; Søknad om stilling.

Nærare informasjon får du ved å kontakte driftsleiar Helge Svarstad, tlf. 32086115/ 91775263, evt. helge@hallingdalrenovasjon.no

Søknadsfrist 15. oktober 2019.