Lukk søk

Renovatør

Hallingdal Renovasjon IKS har ansvar for innsamling av avfall frå hushaldningar og fritidsbustader i Hallingdal og Krødsherad. Vi har no ledig fast stilling som Renovatør

Stillingstittel: Renovatør
Arbeidsgiver: Hallingdal Renovasjon IKS
Arbeidssted: Hallingdal og Krødsherad
Søknadsfrist: 15. oktober
Varighet: Fast
Stillingsbrøk: 100
Kontaktinfo
Torgeir Vestenfor
Telefon: 95980045

Vi søker deg som har lyst til å arbeide i ei av dei viktigaste sørvisbedriftene i Hallingdal, og som har stor arbeidskapasitet.

Søkarar må ha førarkort minimum klasse C og helst yrkessjåførkurs. Lokalkunnskap er ein fordel. Sørvis er eit satsingsområde og vi ynskjer oss kollegaer som har evna til å møte kundane på ein positiv måte. Den som vert tilsett må vere fleksibel i forhold til dagleg arbeidstid. Ekstraarbeid i høgtider og elles må påreknast for å innfri forventningane frå fastbuande, hytteeigarar, turistar og bedrifter.

Tryggleik for medarbeidarar, publikum, omgivelsar og utstyr skal ha topp prioritet, og vi søker personar med god risikoforståing og sterk ansvarskjensle. Evne og vilje til dagleg bilvedlikehald og forståing for generell driftsøkonomi vert tillagt stor vekt. Kommunikasjon med køyrekontor foregår via bildata og mobiltelefon, og renovatøren må beherske norsk skriftleg og munnleg, og må kunne bruke datahjelpemiddel.

Arbeidsmiljøet vårt er mannsdominert og vi oppmodar kvinner til å søke arbeid hos oss. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Løn etter tariffavtale frå kr. 210,- til kr. 247,- inkl. smusstillegg. Tillegg for fagbrev. Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP. Bedriftshelseteneste. Hallingdal Renovasjon er IA bedrift.

Søknad med CV og attestar skal sendast til Hallingdal Renovasjon IKS, Kleivi, 3570 Ål, alternativt til firmapost@hallingdalrenovasjon.no.

Merk: Søknad om stilling.

Nærare informasjon får du ved å kontakte driftsleiar Torgeir Vestenfor tlf. 95 98 00 45, man- fre. 0730-1530, evt. epost torgeir@hallingdalrenovasjon.no

Søknadsfrist 15.10.2019